NHO Mat og Drikke

Innhold

Det nynorske øl-eventyret

Vekst og entreprenørskap

Publisert

Lothe som tapper øl fra et fat

Med starthjelp frå Innovasjon Noreg kunne Espen Lothe sei opp jobben og satse hundre prosent på Kinn Bryggeri. Foto: Eivind Senneset

Kinn Bryggeri produserer handverksøl av ypparste kvalitet. Ølet er godt etablert i den norske marknaden, og nå ser dei etter ein god eksportmarknad.

Espen Lothe har brygga øl heime på Florø sidan slutten av tenåra. Etterkvart vart kunnskapsnivået og råvarene betre, og ølet byrja å smake godt. Faktisk så godt at Lothe vart kåra til årets heimebryggjar to år på rad. Nokre år seinare, i 2009, starta eventyret til Kinn Bryggeri AS.

I starten bryggja Espen 700 liter ein gong i veka, akkurat nok til å overleva. Halvanna år etter produserte Kinn elleve ulike øl, og kom inn på ølbarar og butikkar i dei større byane. Våren 2011 starta selskapet med sal til vinmonopolet.

Forbrukarane viste raskt interesse for den staselege 75 cl-flaska med Ivar Aasen på, og salet gjekk over all forventning. Dei siste åra har Kinn vore den største aktøren av handverksøl på Vinmonopolet. I dag er Kinn Bryggeri ei mellomstor bedrift med tolv tilsette, hvor 600 000 liter brygg er fordelt på over tjue ulike øltypar.

Mentorstøtte ga vekst

Med starthjelp frå Innovasjon Noreg kunne Espen sei opp jobben og satse hundre prosent på Kinn Bryggeri. Nokre år seinare mottok selskapet mentortilskot.

- Mentorstøtta var veldig viktig for selskapet. Som bryggerimeister kunne eg brygge øl, men med bakgrunn frå læraryrke, kunne eg ikkje noko om å drive forretning. Mentoren bidrog med fagleg og forretningsmessige støtte, og tvinga oss til å sjå opp frå øltønnene. Dette har nok vore avgjerande for veksten til selskapet og evna til å vidareutvikle seg, seier Lothe.

Kona Ann-Margritt, som jobbar med sal og marknad i Kinn, følger opp:

– I tillegg til pengestøtte, har tilgang på kompetanse og nettverk spelt ei viktig rolle. Som eigarar er det mange følelsar involvert, selskapet er jo babyen vår. Innovasjon Noreg har hjelpt oss til å ta gode og faktabaserte beslutningar, seier ho.

Jaktar eksportmarknader

Den norske marknaden er den viktigaste for Kinn, men selskapet jaktar også på gode eksportmarknadar. Ann-Magritt jobbar med å byggje opp dette, men handverksøl er ei krevjande råvare å eksportere.

– Eksport er veldig prissensitivt, i tillegg har utemarknaden på kort tid gått frå å vera ein ung marknad til etablert marknad, med stadig fleire nasjonale mikrobryggeri. Å vere aktivt til stades i dei ulike marknadene, krev ressursar og vilje til å satse, understrekar ho.

I samarbeid med Innovasjon Noreg har dei gjennomført ei satsing på marknadsutvikling og internasjonalisering.

– Prosjektet i seg sjølv førte ikkje til auka eksport i liter, men vi hausta verdifulle erfaringar. No jobbar vi på ein heilt anna måte vedrørande eksport og har stor tru på at marknaden vil løsne, fortel Ann-Magritt, og legg til:

– Det er godt å vite at ein kan nytte Innovasjon Noreg sine utekontor og nettverk i arbeidet med eksport. Dei sit på verdifull kunnskap om forretningskultur i dei enkelte landa.

Attraktiv i daglegvarebutikkar

Sommaren 2017 opna Kinn øl-kafé i det gamle bryggeriet kor eventyret starta. I 2019 kjem dei ut med ei ny flaskestørrelse på 33 cl. Den skal bidra til å ta ein sterkare posisjon i daglegvaremarknaden og gjere dei meir attraktive på eksport.

- Den viktigaste oppgåva vår er å levere kvalitet og visa at vi er eit sjølvstendig bryggeri. I tillegg vil vi holde på og styrke dagens posisjon. Handverksøl er ein krevjande bransje, og vi jobbar heile tida med å vidareutvikle oss, seier Ann-Magritt.

Denne saken er hentet og delt fra Innovasjon Norges nettsider, med tillatelse fra Innovasjon Norge

Har du spørsmål? Kontakt oss gjerne:

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?

Gi oss gjerne en kommentar i tillegg - hvordan kan vi forbedre oss?

Takk for kommentaren!

Kommentar sendt

Hei!

Hei!

Vil du motta vårt ukentlige nyhetsbrev på e-post?

Avmeldingen er mottatt!

Meld deg på ett oppsummert nyhetsbrev:

 

Meld deg på 1 nyhetsbrev: