NHO Mat og Drikke

Innhold

Medlemspraten: Kinn Bryggeri

Alle som jobber på Kinn Bryggeri

Ann-Magritt Banne og Espen Lothe saman med sine tilsette på bryggeriet. Foto: Tarjei Langeland / Kinn Bryggeri.

- Kinn Bryggeri nyttar gamle handverksteknikkar som open gjæring og flaskemodning, og vi filtrerer ikkje øla våre. Dette meiner vi er det som gjer vårt produkt til ekte handverk, seier Ann-Magritt Banne som eig Kinn Bryggeri saman med bryggerimeister Espen Lothe.

(Dette intervjuet ble gjennomført i begynnelsen av juni 2020).

Kinn Bryggeri er eit handverksbryggeri lokalisert i Florø med 10 tilsette. Bryggeriet er eigd av gründer og bryggerimeister Espen Lothe og kona Ann-Magritt Banne. Begge jobbar aktivt i bryggeriet.

Kinn Bryggeri

Kinn Bryggeri har også ein ølkafé, Vesle Kinn, i tilknytning til bryggeriet i sentrum. Denne staden har utvikla seg til å bli ein kulturaktør i Florø med konsertar og ulike arrangement. Foto: Tarjei Langeland / Kinn Bryggeri.

- Kinn Bryggeri nyttar gamle handverksteknikkar som open gjæring og flaskemodning, og vi filtrerer ikkje øla våre, seier Ann-Magritt. Dette meiner vi er det som gjer vårt produkt til ekte handverk. Den opne gjæringa og flaskemodninga gir den spesielle Kinn-smaken på tvers av ølstilar. Vi kompromissar heller ikkje med råvarene. Vi lagar øl i tradisjonell stil, men er òg nyskapande og vi lagar ikkje minst matvennlege øl. Vi har sidan starten samarbeida med illustratør Oda Valle på design av etikettane våre som står ut i hyllene og som folk legg merke til. Og vi held på det nynorske språket, som er ein del av identiteten vår, seier Ann-Magritt.

- Den aller viktigaste ressursen i bedrifta er heilt klart våre dyktige tilsette. Ølbrygging er ein levande biologisk prosess som krev nøyaktigheit og kvalitet i alle ledd om sluttproduktet skal bli bra. Og vårt produkt må være ekstra bra sidan vi lagar eit premiumprodukt. Etter kvart har vi også fått ein god maskinpark som lettar arbeidet, særleg på tappesida.

Spente på opninga av horeca-marknaden

- Det er framleis kornakrisa som opptar oss mest. Vi har framleis folk permitterte. 2020 låg an til å bli eit svært bra år, men så stengte alt ned og mange prosjekt blei sett på vent. Vi er veldig spente på korleis opninga av horeca-marknaden blir framover og kor mange som kjem til å gå konkurs, både av bryggeri, barar og restaurantar. Vi mista alt volum på horeca då landet blei stengt ned 12. mars. No opnar barar og restaurantar opp igjen, men 1-meters regelen gjer at dei ikkje kan ta inn så mykje folk, og det betyr blant anna mindre ølsal.

Men uansett så skal Kinn Bryggeri greie seg bra, for vi har hatt vekst både på Vinmonopolet og i daglegvare. Eksport stoppa også opp, men vi reknar med det vil ta seg opp igjen litt etter litt. Color Line-båtane skal begynne å gå igjen og vi har nettopp sendt ein del pallar til Danmark, seier ho.

Dersom Ann-Magritt hadde fått 15 minuttar med statsministeren, er det stor breidde i temaene ho ville ha diskutert.

– Erna er ein hyggeleg og folkeleg statsminister! Først ville eg ha tilbydd ho eit glas Kinn Sommarøl. Og så ville eg ha fortalt ho vår historie og snakka om kor viktig det er å få inn kompetente folk som kan løfte bedrifta over gründeren sitt produkt- og prosessfokus. Skal vi få tak i flinke folk så må det vere attraktivt å bu ute i distrikta. Så ja, distriktspolitikk skulle vi nok ha snakka om og kanskje vi hadde kome inn på kommunesamanslåing og nye Kinn kommune, seier Ann-Magritt. Samanslåinga er ikkje heilt smertefri, og det er viktig at det ikkje er barn og unge som blir skadelidande når det skal kuttast i kommuneøkonomien.

- Eg skulle nok også ha kome inn på den grøne politikken. Det grøne er skiftet er heilt nødvending, men vi må seie at vi for tida veldig opprørte over vindmølleparken som no reiser seg i eit vakkert naturområde her i Kinn kommune. Vi ser gigantmøllene ifrå kontorvindauga våre og det bynære friluftslivområdet er rasert av anleggsvegar. Det er trist når vi veit at overskotet havnar i skatteparadis og ein kunne ha oppnådd same effekt ved å rehabilitere eksisterande vasskraftverk. Drikkevasskjelda som forsyner heile Florø og er basen i Kinn-ølet, ligg også i dette området. Det er mange som spør seg om det er trygt å plasserer vindmølleparken så tett opptil drikkevasskjelda, seier ho.

Einaste handverksbryggeriet med tariffavtale

Kinn Bryggeri har vore medlem i NHO sidan 2012. - Vi ynskte å få meir ordna forhold og NHO har hjelpt oss mykje her, seier Ann-Magritt. Det organiserte arbeidslivet har ein stor verdi i samfunnet. Per i dag er vi det einaste handverksbryggeriet som har tariffavtale, men vi håpar at andre ser at vi klarar oss svært bra med den og kjem etter, avsluttar ho.

Medlemspraten

I NHO Mat og Drikkes serie “Medlemspraten” tar vi en prat med medlemsbedrifter for å høre hva som opptar dem. Ønsker du og din bedrift å bli intervjuet? Ta kontakt med Hege Guttormsen.

Les flere intervjuer i samme serie her

Her finner du mer informasjon om medlemskap og medlemsfordeler i NHO Mat og Drikke.

Har du spørsmål? Kontakt oss gjerne:

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?

Gi oss gjerne en kommentar i tillegg - hvordan kan vi forbedre oss?

Takk for kommentaren!

Kommentar sendt

Hei!

Hei!

Vil du motta vårt ukentlige nyhetsbrev på e-post?

Avmeldingen er mottatt!

Meld deg på ett oppsummert nyhetsbrev:

 

Meld deg på 1 nyhetsbrev: