Medlemspraten: Fjording AS

Portrett av Løkling

Øyvind Løkling, daglig leiar i Fjording AS. Foto: Gunnar Garfors.

Øyvind Løkling er dagleg leiar i Fjording AS – eit lite selskap som lagar premium, handverksproduserte likørar. Hadde han fått ein prat med statsministeren ville han ha spurt om det ikkje var på tide å rigge til ei ny folkeavstemming om EU-medlemskap.

- Krigen i Ukraina legg eit tungt og grått teppe over alt vi styrer med om dagen, seier Øyvind. Når krig ligg som bakteppe kan det somme dagar vere vanskeleg å finne energi til å løyse dei kvardagslege utfordringane som gründer. Å få dette i fanget etter nokre krevjande korona-år er ikkje spøk mentalt sett, seier han ettertenksamt.

Fyrste norskproduserte kremlikøren

Fjording AS blei etablert i 2017 og lanserte sommaren etter den fyrste norskproduserte kremlikøren nokon sinne. Produktet heiter Fjording Hazelnut Caramel og er blitt kåra til ein av dei aller beste på verdsbasis. No fins denne i annakvart Vinmonopol landet rundt, og har fått eit fint fotfeste i den norske marknaden. Likøren lagast i samarbeid med Gardsbrenneriet på Sandane.

Før jul i 2021 lanserte dei eit nytt banebrytande produkt; kaffelikøren TÅR. Denne gong produsert hos Oslo Håndverksdestilleri. - Også i denne kategorien har det aldri før vore laga norske utfordrarar til dei store internasjonale aktørane. Merkeleg nok, seier Øyvind, og legger til: -Ein kan vel seie at vi brenn for å lage produkt som er blitt neglisjert av dei store brennevinsaktørane i Norge, og som tek norske tradisjonar og smakspreferansar på alvor.

Øyvind kan også fortelje at Fjording tek sosialt ansvar gjennom at ein del av omsetninga, nærare bestemt ein ameriansk dollar av kvar solgte Fjording-flaske, blir delt ut til organisasjonar og personar som yter ein ekstra innsats for å ta vare på nasjonalikonet fjordhesten.

Har ikkje eigen fabrikk

Fjording AS har aldri hatt eit ønske om å bygge eigen fabrikk. - Vårt fokus har derimot vore på produktutvikling, sourcing av råvarer og på merkevarebygging. Difor er vi veldig avhengig av gode relasjonar med produsentpartnarane våre. Vi er nøydde til å spele kvarandre gode og ikkje tråkke kvarandre på føtene. Så lenge vi ikkje bryr oss om klassiske varer som akevitt, gin og sider så tenker eg det går bra. Vi fokuserer heller på dei kategoriane der utanlandske gigantar som Baileys og Kahlua har fått dominere fritt i all tid utan lokal konkurranse, seier gründeren.

Klima, øknomisk omstilling og ny EU-avstemming

Det er fleire saker Øyvind hadde tatt opp med statsministeren dersom han hadde fått moglegheit.

- Eg ville nok neppe brydd statsministeren med utfordringene i min bransje. Det blir nokså uvesentleg i den store samahengen. Eg trur eg ville bedt Støre om å våge meir. Vere mykje meir ambisiøs på klimapolitikk, omstilling av norsk økonomi til ei meir bærekraftig og grøn retning (til dømes kutte ut å leite etter meir olje og gass), samt få rigga til eit nytt EU-val. Verda har endra seg nokså radikalt på dei 28 åra sidan boomerane og deira foreldregenerasjon gjekk til valurnene og stemte eit marginalt nei i 94. Det er på høg tid at den yngre generasjonen får kome til orde i denne saka, meiner Øyvind.

- Eg hadde nok gjerne også bedt han forklare kvifor AP torpederte rusreforma i fjor, all den tid partiet frontar seg som eit kunnskapsbasert og sosialpolitisk parti.

Viss statsministeren til slutt hadde insistert på å høyre om bransjeutfordringar, hadde eg sikkert servert nokre Pauli ord om avgiftsnivå på alkohol og handelslekkasje til Sverige.

Bransjefelleskap

Fjording AS har vært medlem i NHO Mat og Drikke siden 2018. - Bedrifta vår er såpass lita og ukomplisert at vi til no ikkje har hatt nemneverdig nytte av all NHO-kunnskapen rundt lønnsoppgjer, pensjonsordningar, sjukefråvær, arbeidsjuss etc. Når sant skal seiast er vi nok medlemmer i NHO Mat og Drikke berre fordi bransjeorganisasjonen vår Vin og Brennevinleverandørenes Forening (VBF) stiller det som krav. VBF er imidlertid ein særs nyttig ressurs for selskapet vårt, og sidan eg veit at VBF har stor nytte av NHO-koblinga betaler vi kontingenten med lett hjerte, sier Øyvind.

Medlemspraten

I NHO Mat og Drikkes serie “Medlemspraten” tar vi en prat med medlemsbedrifter for å høre hva som opptar dem. Ønsker du og din bedrift å bli intervjuet? Ta kontakt med Hege Guttormsen.

Les flere intervjuer i samme serie her

Her finner du mer informasjon om medlemskap og medlemsfordeler i NHO Mat og Drikke.

Har du spørsmål? Kontakt oss gjerne:

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?

Gi oss gjerne en kommentar i tillegg - hvordan kan vi forbedre oss?

Takk for kommentaren!

Kommentar sendt

Hei!

Hei!

Vil du motta vårt ukentlige nyhetsbrev på e-post?

Avmeldingen er mottatt!

Meld deg på ett oppsummert nyhetsbrev: